SotDur er ein musikkfestival for fjellfolk som elskar sterke naturopplevingar, ekte uttrykk og musikk som set spor. Festivalen samlar menneske som finn ro i høgda, energi i fellesskapen og inspirasjon i lydbiletet mellom fjell og himmel.
Med fjella som bakteppe og naturen som ramme byr SotDur på konsertar som kjennest i kroppen – rått, ærleg og utan filter. Her møtest kvalitetsmedvitne musikkelskarar, friluftsentusiastar og eventyrarar som verdset både stilla på dagtid og intensiteten når musikken tek over.
FESTIVAL CAMPEN
Naturcampen ligg i skogen på vestsida av Sota Sæter DNT. Dette er eit område som grensar inn til Breheimen nasjonalpark, og det er difor ekstra viktig å vise omsyn til sporløs ferdsel.