Berekraft SotDur

SotDur vert arrangert i eit historisk kulturlandskap ved Sota Sæter, tett på Breheimen og med naturen som næraste nabo.
 
For oss er berekraft ikkje eit tillegg til festivalen – det er ein føresetnad. Vi ynskjer å skape sterke musikkopplevingar i samspel med natur, lokal kultur og menneske, utan at det går på kostnad av det som gjer staden unik.
Naturen først
Festivalen vert gjennomført med respekt for sårbar fjellnatur og sporlaus ferdsel. Naturcampen ligg i randsona til Breheimen nasjonalpark og Mysubytta landskapsvernområde. Vi stiller tydelege krav til alle deltakarar om å rydde etter seg og behandle området varsamt. Det skal ikkje hoggast, sagast eller gjerast permanente inngrep i naturen. Mellombelse installasjonar blir fjerna etter arrangementet, og området vert tilbakeført slik det var før vi kom.
 
Vi legg til rette for god avfallshandtering, kjeldesortering og tilstrekkelege sanitærløysingar. Det er totalforbod mot glas i naturcampen. Det er forbode med open flamme av omsyn til skogbrannfare. Felles matlagingsområde blir etablert for å redusere spreiing av eingongsutstyr og tilfeldig bruk av primus og grill.

Sota Sæter har avgrensa parkeringskapasitet. Difor oppmodar vi til samkøyring og kollektivtransport, og vi tilbyr bussløysingar til og frå festivalområdet. Målet er å redusere privatbilbruk og samla transportavtrykk. Ved å samle ankomst og avreise legg vi og til rette for trygg ferdsel i eit område med både beitedyr og ordinær turisttrafikk.
 
Vi arbeider medvite med leverandørar som deler verdiane våre, og prioriterer lokale aktørar der det er mogleg. Kortreist mat, lokale produsentar og næringsaktørar, og samarbeid med DNT bidreg til å forankre arrangementet i lokalsamfunnet og redusere unødig transport.

Mat er ein viktig del av SotDur sin identitet. Gjennom bruk av lokalmat og samarbeid med lokale produsentar ønskjer vi å styrkje den kulturelle forankringa og skape heilskaplege sanseopplevingar. Dette gjev ikkje berre lågare transportbelastning, men og auka verdiskaping lokalt.
 
Vi ser på festivalen som ein del av ein levande setertradisjon. Difor tek vi omsyn til beitedyr og anna aktivitet i området. Små gjenstandar som kan skade dyr, skal fjernast, og vi ber publikum vise respekt for både natur og næringsverksemd.
Konsertane vert avslutta ved midnatt for å avgrense belastning på omgjevnader og dyreliv. Vi har restriksjonar på privat lydutstyr både på arrangementsområdet og i naturcampen, og innfører stilleperiode i campen om natta. Slik tek vi vare på både naturen, dyra og menneska som oppheld seg i området.
 
Vi etterstrebar og energieffektive løysingar for scene, lys og teknisk produksjon, og planlegg arrangementet med nøkternheit framfor overforbruk. SotDur skal vera rått og ekte – ikkje ressurskrevjande og unødig forstyrrande.

Berekraft på SotDur er eit samarbeid mellom arrangør, artistar og publikum. Vi legg til rette, men det er summen av alle sine val som avgjer det totale avtrykket. Ved å vise omsyn, velje grønt der det er mogleg og ta vare på staden vi er gjester i, kan vi skape ein festival som både gir sterke opplevingar i dag – og som kan gjennomførast igjen i framtida.
 
SotDur skal vere framtidsretta og i utvikling, men alltid med respekt for natur- og kulturarven som omgjev oss.