Sotdur treng engasjerte, blide og driftige frivillige som vil vere med å løfte festivalen saman med oss! Som frivillig er du ein uunnverleg del av maskineriet som gjer at heile arrangementet går rundt – og du blir òg ein del av eit sosialt og inkluderande fellesskap.
Kva får du som frivillig?
Som takk for innsatsen får alle frivillige:
Arbeidsoppgåver
Vi har mange ulike roller, så her finst noko som passar dei fleste. Under finn du nokre av dei typiske oppgåvene for frivillige på Sotdur:
Skjenking
Bli del av eit triveleg og effektivt barteam!
Servering
Som del av serveringsteamet hjelper du med å dele ut mat og drikke, halde orden i serveringsområdet, sikre at køen flyt godt, held oversikt og sørgjer for at gjestane får ei god oppleving. Du må vere komfortabel med å jobbe i eit høgt tempo og halde hovudet kaldt. Perfekt for deg som likar kontakt med publikum.
Rydding
Ryddeteamet held festivalområdet reint og triveleg. Oppgåvene inkluderer å tømme søppelpann, rydde bord og sørgje for at publikumsområda er inviterande og trygge.
Vakt og generell orden
Her hjelper du til med å styre køar, gi informasjon til publikum, passe på at område er trygge og at alt går føre seg på ein fin måte. Ei viktig rolle som held festivalen smidig og trygg.
Andre oppgåver
Sotdur har og behov for folk i praktiske roller som rigg før og etter festivalen, logistikk, køyring og mykje anna. Gi gjerne beskjed dersom du har eit spesielt talent eller erfaring vi bør vite om!
Kven passar som frivillig?
Alle over 18 år som har lyst til å bidra til eit levande festivalmiljø er velkomne! Det viktigaste er at du:
Meld deg som frivillig!
Har du lyst til å bli med på laget? Då vert vi kjempeglade!
Søknadsskjema finn du her: Søknadsskjema for frivillige SotDur 2026 – Fyll ut skjema
Søknader vert behandla fortløpande, og festivalens behov vil til ei kvar tid vere vekta tyngst.
Bli med og skap SotDur saman med oss – vi gler oss til å møte deg!